Tussi

Me ynskjer at barna på Tussi skal oppleva anerkjennelse i små og stor hendingar i løpet av dagen. Alle er verdifulle og unike. For å få til dette arbeider me mykje med å vere nær og tilstades i her-og-no situasjonar. På den måten kan me vere støttande og veileiande i høve til mange ting. F.eks når nokon ynskjer ei leike kan me sei dei må vente på tur og ikkje ta i frå, me kan oppfordre barna til å dele på leikene når dei har fått leika litt sjølv og på denne måten unngå ein del konfliktsituasjonar.

Tussi er ein småbarnsavdeling med plass til 14 barn i alderen 1-2 år. Me som arbeider på Tussi synes det er kjempe spanande å få lov å arbeide med dei yngste.

Me veit at rutinar, forutsigbarhet og klåre rammer er med på å skape tryggleik for borna. Det me arbeider mest med nett no er å få gode rutinar i høve til dagsrytmen. Målet vårt er å få trygge barn som bruker energien sin på å leike og lære.

 

 

Personvern