Tigergutt

På Tigergut har me pr. i dag barn mellom 2 – 6 år. Det blir ein fin gjeng på til saman 32 barn og 7 vaksne som går litt ulike dagar. Tida går med til leik og aktivitetar inne og turar/utflukter ute i det fine skogsområdet vårt.

Me trur at humor og glede skapar trivsel i kvardagen og legg vekt på å sjå og forstå det einskilde barnet. Sosial kompetanse er eit viktig mål i arbeidet vårt, me fokus på kontakt og kommunikasjon. Barnehagen vår har eigen plan for verdiformidling, her har bl.a Kari Lamer sin pedagogikk vore til inspirasjon. Me har tatt med nokre punkt som viser barnet sitt perspektiv og vaksne sitt ansvar.

Kjære du vaksne som er saman med meg!

  • Eg vil gjerne vere slik som du er: glad, hensynsfull, retttvis og ærleg. Hugs at eg pleier å herma etter deg!
  • La meg få lov å sitja å filosofera litt akkurat no. Hugs at eg ein gong skal klara meg sjølv. Gi meg sjansen til å finna ut av verda utan deg!
  • Eg kan ofte vere litt vrang og lei, men hugs at eg også har humoristisk sans!
  • Hugs at eg ikkje er akkurat slik som alle dei andre barna!

 

Personvern