Ole Brumm

Ole Brumm er ei småbarnsavdeling med femten barn i alderen 1-2 år.

Dei fleste av personalet på avdelingen vår har jobba med dei minste lenge, og me synes det er veldig kjekt og givande, og me ser det som eit stort ansvar å ta så stor del i dei minste barna sine liv.

Vår viktigaste målsetjing i arbeidet med dei minste er å sette deira behov for kjærleik og omsorg i trygge omgivelsar i høgsetet. Tryggleik for barn i denne aldersgruppa er mellom anna å ha ein fast dagsrytme, og det er alltid ein vaksen klar til å støtte,trøste,rose eller kose på fanget dersom dei ynskjer det. Ut frå desse trygge rammene vil me freiste å gje barna positive opplevelsar og utfordringar i kvardagen, og gje dei mulighet til litt etter litt å utforske nye bitar av verda rundt.

Barna opplever med heile seg. Både med sansane og kroppen, og me som jobbar her har etter kvart fått god erfaring med å tenkje mulighetar i staden for begrensningar når me tilrettelegg aktivitetar for dei minste i barnehagen.

Det er imponerande kva ein kan få til sjølv om ein er liten!

 

 

Personvern