Nasse Nøff

På avdelinga har me barn mellom 2 og 6 år. Pr. i dag er det 28 barn som har plass på avdelinga. Ikkje alle barna har full plass, så barnegruppa varierer frå dag til dag.

Me legg vekt på at barna og føresette skal føle seg godt tekne vare på, og så ynskjer me at barna skal oppleve masse glede og humor i kvardagen. Rutinesituasjoner og samlingsstunder er prega av mykje latter og spøk.

Måndag, onsdag og torsdag har me ei gruppe av barn på kjøkkenet (aktivitetsgruppe), og dei er ofte ute på tur. Me meiner det er viktig å nytte den flotte naturen me har rundt oss, og oppleve variasjonane i årstidene og alt det naturen gir oss av utfordringer.I tillegg prøver me å ta dei barna som er på avdelinga med på tur i små grupper. I blant har me mat med oss, og andre gonger lager me mat ute. Dette er veldig koseleg. Denne hausten har me og ei gruppe barn på tur kvar dag utanom onsdagen.

Verdiformidlingsplanen legg me og stor vekt på, og meiner denne er like viktig å jobbe med som dei andre temane for dei ulike månadane. Det er viktig å lære å ta vare på kvarandre, og lære å verdsetje kvarandres ulikheter.

Me er alle like verdifulle!

Personvern