Strategisk plan 2013-16

Lekespira er Espira sin pedagogiske modell. Bømlo Kommune satser på tverrfaglig prosjekt;

”Tidleg- og ikkje åleine”,og samanheng barnehage – skule.

ÅR 1

NATUREN: Barnehagen sin plassering –kort veg til skog, mark og sjø. Me nyttar desse på alle avdelingane. Me legg stor vekt på naturen og uteaktivitetar gjennom alle årstidene. Det å lære barna å kjærleik til naturen – dyr og planter. Me har eigen Friluftsavdeling for 5 – 6 åringane.

SANSANE: Barnehagen skal læra barna om dei fem sansane våre, og korleis dei er knytta til kroppsdelane våre.
Aktiv bruk av sansane – inne/ute i barnehagen og i naturen.

SPRÅK: Personalet skal vera tilstede ” her og no” i leik og samtale med barna – kvaliteten på samtalen – ein god dialog bidrar til relasjonsbygging og identitetsskaping. Personalet skal vera språkmodellar i rutinesituasjonar. Barnehagen har tekstskaping, lesestunder og barnesamtaler.

”MATEMATIKK” I BARNEHAGEN FRÅ ALDEREN 1-5 ÅR: Barnehagen vil jobbe med matematikk og språk ,aktivitetar, opplegg og tidleg stimulans på dei ulike alderstrinn. Kvar månad skal alle avdelingane ha fokus på det same, og på sin måte presentere dette for barna. Dette er i tråd med Rammeplan(kap. 3.3-7). Dette er eit utviklingsarbeid som me starta opp hausten 2009, og som me har valt å fortsetja med. Dei 5 hovudansvarlege pedagogiske leiarane for utviklingsarbeidet har hatt kurset – ” Små matematikarar teller mest”.

VERDIFORMIDLING/POSITIV SOSIAL UTVIKLING: Dette er barnehagen sitt særpreg, og me har faste tema på planane våre gjennom barnehageåret.

SKULESPIRA: Opplegg for 5 – 6 åringane.

MILJØFYRTÅRN: Miljøspia.

FØREBYGGJANDE ARBEID MOT MOBBING: Barn sin trivsel – vaksne sitt ansvar. Sosialkompetanse – nøkkel til trivsel i fellesskapet i barnehagen.

ÅR 2

GAMLE DAGAR/LOKALHISTORIE: Barna skal få kjennskap til korleis det var og korleis folk levde på heimplassen deira før i tida.

ÅR 3

KROPPEN: Læra barna å bli bevisst og trygg på seg sjølv i samspel med andre.

 

Personvern