Verdiformidling

Espira Moster har eigen plan for Verdiformidling, og personalet i barnehagen er bevisst på å ha verdiformidling naturleg med i det daglege omsorgsarbeidet – i innhald/arbeidsmåtar, rutinesituasjonar og tema. Når me arbeider med verdiformidling er me innom alle dei 7 fagområda.

Til dømes: Bibel forteljingar, etiske forteljingar, drama, handdokker, rollefigurar, teater, song/songleikar, musikkeventyr, tekstskaping, barne møter/samtalar, gruppearbeid og besøk i nærmiljø.

Verdiformidling og sosial kompetanse går hand i hand, og i løpet av året vil me vera innom desse tema:

  • Å vera venner
  • Ha omsorg for andre
  • Ha omsorg for naturen – dyr og planter
  • Rolletaking/empati
  • Likeverd/likestilling
  • Rettferd
  • Fridom
  • Hjelpa andre
  • Dela

 

Personvern